Ho møtte eit mylder av aktive skulefritidsborn med ball ved Volda stadion tysdag ettermiddag. Rønning la sjølv opp etter å ha fullført 2017-sesongen, men ho har i to år vore sjef for satsinga TelenorXtra. Dette er ei skulefritidsordning (SFO) med fotball i fokus, og som har kring 110 avdelingar på landsbasis.

Rønning reiser rundt og vitjar klubbane i tur og orden. Denne gongen hadde ho bedd spesielt om å få sjå på forholda i Volda, der heile 180 born frå 1. til 4. klasse er med i ordninga. Rønning fekk sjølv vere med til Øyra skule for å plukke opp tyngda av borna som blir henta til stadion, fem dagar i veka.

Les også: Grasrotfotballen på Sunnmøre bruker millioner av kroner til heltidsansatte

Ein veldig logistikk

– Dei gjer litt av ein jobb, desse SFO-leiarane, konstaterer Rønning. Det er noko av ein logistikk med å hanke inn alle, også dei som kanskje ikkje er like motiverte akkurat i dag, etter ein lang skuledag. Tolmodig går karane i lange logojakker rundt med skjema og kryssar av, etter kvart som dei får borna inn i fotballbussen. Listene er sjølvsagt oppdaterte, så det ikkje vert leita ekstra etter eleven som ikkje er på skule i dag. Heile gjengen skal til det flotte klubbhuset på stadion og ete seg eit sunt måltid mat.

Etterpå går turen rett til Mørehallen, der Trine Rønning kastar boblejakka og er meir enn klar til å lære bort nokre triks. Mange vil ha autograf.

– Kva er etter ditt syn største verdien med denne type SFO?

Kvinnefotball heng etter

Ho har særleg merka seg den høge prosenten av jenter ved Telenor Xtra i Volda.

– Dette gled meg særleg fordi det er så viktig at jentene verkeleg kjem med og vert rekrutterte inn i sporten.

– Det er ikkje tvil om at kvinnefotballen framleis heng etter, både i status og omfang, seier kvinnespelaren med 126 landskampar og 20 mål.

– Og difor trur du heller ikkje på kvinneleg topptrenar med det første?

Trine Rønning har fått med seg debatten som serien «Heimebane» på NRK har reist. – Eg trur bestemt det er for tidleg med kvinneleg trenar i Tippeligaen enno, seier Rønning. Foto: Knut Arne Aarset