– Nei, eg er ikkje hundre prosent trygg. Det har skjedd før i handball at lag har rota bort ei klar leiing.

Seier Halldor Stefan Haraldsson før returkampen mot bergenslaget Gneist i ettermiddag.

Kampen – som Sunnmørsposten sine plussabonnentar kan sjå «live» frå klokka 18.00 – går på Gneist sin heimebane og er avgjerande for om Volda spelar i 1. divisjon til komande sesong eller ikkje.

Kampen går klokka 18.00 på smp.no!

Gjorde mykje bra

– Kva for inntrykk sit du igjen med etter kampen søndag som de vann 31-21?

– Eg hadde faktisk ei kjensle av at vi spelte ein dårleg kamp, straks dommarane bles av kampen. Men etter at eg har studert og analysert kampen i etterhand ser eg at vi gjorde mykje bra. Totalt sett er eg fornøgd. Framfor alt hadde vi eit fantastisk bra forsvarsspel, sjølv om vi lett kunne stoppa fire, fem skåringar imot. Vi skapte ein del gode kontringssjansar som vi omsette i mål, fortel Volda-trenar Haraldsson.

Berg var aller best

– Kven imponerte deg mest i kampen søndag?

– Framfor alt Anette Berg, ho var «outstanding» og skåra heile ni mål, seier Haraldsson om lynvingen som faktisk sluttar i ein alder av 27 år. Ho vil prioritere livet utanom handballen etter fleire sesongar for Volda.

– Er det andre spelarar som ikkje vert med vidare?

– Runa Vik har for lenge sidan gjort det klart at dette er hennar sin siste sesong. Elles veit eg ikkje om andre som gjer seg.

– Om det vert opprykk, kor mange spelarar skal du ha inn til komande sesong?

– Vi treng ikkje mange, men ein vingspelar for å erstatte Anette og ein keeper etter Runa. Så kan eg tenkje meg ein god back. Vi vil fyrst og fremst leite i Norge etter nye, seier Halldor Stefan Haraldsson.

Overnatta i Førde

Han og resten av laget sette seg i går i bussen med kurs for Bergen.

Dit kjem dei i føremiddag ettersom det vart stopp i Førde med ei lett treningsøkt i går kveld og overnatting på hotell. Volda hadde mest fokus på angrepstrening i går, medan dei måndag la vekt på forsvarsspelet. Nettopp forsvaret har vore nøkkelen til suksess heile sesongen, så også i fyrste kamp mot Gneist.

Halldor Stefan Haraldsson og Volda kan gjere ein feilfri sesong om dei vinn mot Gneist i dag. Foto: SVEIN OLAV HUMBERSET