Spanande felles-satsing

Hødd, Bergsøy og Hareid startar felles handball-lag

Handballgruppene til Hødd IL, Bergsøy IL og Hareid IL er samde om å starte eit felles J18-lag komande sesong.

Nysatsing: Leiar i Hødd Handball, Jarl Martin Møller, og nytilsett trenar Marina Bazzeo. 

Lokal sport

Trenar for felleslaget vert Marina Bazzeo, som nyleg er tilsett som ny hovudtrenar i Hødd handball. Ein ynskjer primært å få til ein fylkesserie med andre J18-lag i Møre og Romsdal, noko som det er stor interesse for hos fleire andre klubbar.