(Vikebladet Vestposten) Hødd – Vålerenga II

For Hødd var det ingenting anna enn tre poeng som var godt nok då VIF 2 tok turen til Høddvoll måndag. Med berre eitt poeng på dei to siste kampane burde Hødd ha tre poeng for å hekte seg på i toppkampen og mot eit redusert VIF-lag var det i utgangspunktet menn mot gutar på Høddvoll.

For VIF 2 kom til Ulsteinvik med ein tynn tropp, der berre ein av 15 spelarar var i senioralder. På Hødd sto Steffen Moltu over etter sitt raude kort mot KFUM. Dermed gjekk Joakim Wrele ned som ein av tre stopparar, medan Bendik Rise kom inn på midten etter å ha starta på benken mot Florø.

Det tok også berre fire minutt før Hødd spelte seg til ein bra sjanse. Joakim Wrele sendte ei litt lang pasning mot Marius Hagen, men det blei i staden ei svært god pasning til Osvold, som kunne storme inn i VIF sin 16-meter. Osvold la ei pasning mot bakre stolpe, men der var det ikkje nokon av medspelarane som hadde oppfatta moglegheita og VIF kunne rydde opp.

Men så to minutt seinare stod det 1-0. Hødd fekk corner etter godt arbeid av Osvold og for dei unge VIF-rekruttane vart det meir enn nok å hindre avslutning frå dødballen. Dermed datt ballen ned til Eirik Franke Saunes som med ein markkrypar sette inn kampens første mål.

Deretter blei det ei periode der det skjedde lite. Bortelaget brukte lang tid kvar gong ballen var ute av spel, og det blei også eit avbrot då tok VIF-spelarar blei liggande etter ein dødball. Det som skjedde var det likevel Hødd som stod for og Hødd rulla opp angrep etter angrep mot bortelaget sitt mål, men vart for ofte upresise på veg framover.

Det gav bortelaget sine ballsikre unggutar sjansen til å kome litt meir med i kampen og til å halde ballen meir på midten og inn på Hødd sin halvdel.

Hødd hadde alle moglegheiter til å sette eit skikkeleg trykk mot VIF 2, men i staden gav Hødd bortelaget god tid med ballen og for mykje plass å bolte seg på.

Det var Sindre Eid på ingen måte nøgd med på sidelinja, og han gav klar beskjed om at Hødd måtte legge ned klart større innsats enn det laget gjorde midtvegs i omgangen.

Hødd var klart overlegne motstandarane sine på rein fysikk, og dermed vart det tung for VIF 2 å forsvare seg på dødballar, men sjølv om Hødd klarte å vinne både duellar og returar så mangla det gode nok innlegg og sistepasningar til at dei blåkvite skapte det heilt store.

Det var faktisk spelt 35 minutt før Hødd kom til sin andre store sjanse. Henrik Breimyr stod fint opp på midten og vann att ballen. Han sendte i veg Marius Hagen som fekk skyte frå 16 meter, men keeper var fint nede og slo til corner. På den påfølgjande corneren trudde heile Høddvoll at ballen var inne, men ballen passerte aldri streken og det stod framleis 1-0.

Det var stort sett i samband med dødballar Hødd skapte noko i den første omgangen, og Eirik Franke Saunes leverte eit nytt godt forsøk etter 40 minutt, då han fekk ballen i returromet etter eit langt kast frå Daniel Eid. Skotet var brukbart plassert, men utan kraft nok til å sette Klaesson på for store prøver.

Kort tid før pause gjorde Marius Hagen ein flott innsats ute på venstresida, då han først unngjekk ei sein takling og så fekk lagt inn på bakarste stolpe der Bendik Rise var først på ballen, men utan å få avslutta på mål.

Dermed ebba førsteomgangen ut med 1-0 Fortent leiing til Hødd, men heller ikkje meir. For sjølv om heimelaget skapte det som var av moglegheiter så var det 45 lite imponerande minutt Hødd leverte.

Det tok berre om lag minuttet før Hødd fekk sin første halvsjanse etter pause, men Joachim Osvold fekk ikkje avslutninga på mål frå 16 meter.

Etter 60 minutt såg det ut til å gå heilt gale for Hødd. Ein VIF-spelar kom plutseleg heilt åleine med Ole Monrad Alme og banka ballen i tverrliggjaren frå god posisjon, men assistentdommaren kom etter kvart opp med flagget og markerte for ein offside.

Det var likevel eit skremmeskot og noko Hødd burde ta alvorleg, men det gjorde dei ikkje.

Etter 63 minutt blei ein ny ball slått i bakrom mot Sander Werni, men Henrik Breimyr såg ut til å ha kontroll då han pressa ungguten til side. Ballen gjekk inn til Ole Monrad Alme, men han fekk ikkje kontroll og plutseleg kunne Werni plukke med seg ballen og nærast spasere den inn i det tome målet.

Fire minutt seinare var Hødd nære ved å ta tilbake leiinga, då innbytar Robin Hjelmeseth la fint igjen til Bendik Rise, men forsvaret til VIF fekk blokkert ballen til corner.

For Hødd sin del var det dødballar som førte til dei største moglegheitene, og etter 76 minutt fekk Marius Hagen ein stor sjanse på bakre stolpe, men i ubalanse fekk han ikkje avslutninga på mål.

Minuttet seinare var Hødd på farten igjen, no med Hagen som servitør, men no blei avslutninga blokkert til corner.

Ni minutt før slutt spelte Hødd seg flott fram til ein kjempesjanse, og Markus Naglestad fekk vendt seg fri på sju meters hald. Han fekk også ballen forbi keeper, men på streken stod ein forsvarar og fekk rydda unna.

Hødd jaga på for den avgjerande scoringa, men kvaliteten i det heimelaget heldt på med var ikkje i nærleiken av det publikum på Høddvoll burde kunne forvente. Det vart for svak presisjon, det mangla dei gode løysingane og heimelaget sine spelarar såg ikkje heilt ut til å tru på at dei skulle kome til den rette sjansen.

Og så kom det som skulle blitt 2-1 og nok ein gong kom det etter dødball, men på bakre stolpe klarte ikkje Markus Naglestad å styre headinga på mål.

Også Robin Hjelmeseth skulle få sjansen til å avgjere, men frå kort hald sleiva han ballen langt over mål til stor frustrasjon på Høddvoll.

Men så, fem minutt på overtid, på overtid av overtida skulle det endeleg lukkast. Hødd fekk frispark på midtbana og Ole Monrad Alme slo langt opp. Hødd vann duellane og plutseleg fekk Markus Naglestad sjansen. Den målfarlege spissen krangla ballen over streken og sikra tre poeng til Hødd med kampens siste spark på ballen.

Kampfakta:

2.-divisjon avdeling 2

Hødd – Vålerenga II 2 - 1 (1-0)

Høddvoll, 1065 tilskodarar.

Dommar: Mathias Smehus Kringstad, Valder IL

Gule kort: Joachim Osvold, Hans Jacob Huun Thomsen, Jonas Levernes, Marcus Victorio

Mål: 1-0 Eirik Franke Saunes (6), 1-1 Sander Werni (63), 2-1 Markus Naglestad (90)

Hødd: Ole Monrad Alme – Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Joakim Wrele – Daniel Eid, Marius Hagen, Bendik Rise, Eirik Franke Saunes, Johannes Sundgot (Magnus Myklebust 84) – Joachim Osvold (Robin Hjelmeseth 65), Markus Kvame Naglestad

Saka blei først publisert i Vikebladet.