For rivaliseringa er framleis på plass mellom klubbane.

– Volda har vel nesten ikkje «voldingar» igjen på laget sitt, så det er nok ikkje så mange hos dei som verkeleg kjenner på rivaliseringa. Men vi er mange nok som har lyst til å vinne denne kampen. Det hadde gjort seg å gå i 17.-mai-toget med heva hovud etter å ha slått Volda, seier Ørsta-keeper Martin Liaskar.

Vil trasse brot i fingeren

Han har så lyst å spele kampen at han er klar til å stå i mål sjølv om han for nokre veker sidan pådrog seg eit brot i ein finger.

– Eg håpar at eg får lov å stå. Dette er jo årets høgdepunkt, seier Liaskar.

Sist Volda og Ørsta møttest i seriekamp – i 2014 – samla 16. mai-kampen om lag 1.000 tilskodarar på Volda stadion.

– Vi håpar på rundt tusen tilskodarar i Ørsta. Det hadde vore ei skikkeleg oppleving, seier Martin Liaskar.

For 2014-oppgjeret måtte ein tilbake til 2007-sesongen for å finne sist laga møttest i serien.

– Volda har dessverre lagt over oss i divisjonssystemet dei siste åra. Det er klart det smerter litt. Men no er det på tide at det snur. Vi har mykje bra på gong i Ørsta og personleg trur eg det kan snu no, seier Liaskar.

Rasmus Aarflot trur på ein tøff batalje onsdag kveld.

Valder mot Godøy

Ytterlegare to kampar spelast i 4. divisjon 16. mai. På Valdervoll er det også duka for lokaloppgjer. Både Valder og Godøy har fått ein tøff start på sesongen og treng sårt ein trepoengar. At innsatsen vil vere på topp i nabooppgjeret er det dermed ingen tvil om.

Elles møtast Emblem og FK Sykkylven i kveld.

Runden fullføres fredag med Larsnes/Gursken – Bergsøy, SIF/Hessa – AaFK 2 og Rollon – Hareid.