Ørsta mot Volda 16.mai:

Håpar på over 1000 tilskodarar

Onsdag kveld skal Ørsta og Volda endeleg møtast igjen til seriekamp. Det er kampen laga for alt i verda vil unngå å tape.

VANN SIST: Sist Volda og Ørsta møttest i serien – i 2014 – vann Volda begge oppgjera 1–0. Her jublar Rasmus Aarflot & Co. etter frisparkmålet til Bjørnar Bakke Liaskar i Ørsta.  

Lokal sport

– Eg er som regel minst mogleg inne i Ørsta. Eg likar meg ikkje der. Så å tape mot Ørsta er noko som slett ikkje er ønskja. Men eg har aldri tapt mot dei i ein offisiell kamp tidlegare, og har heller ingen planar om å gjere det no heller, seier Volda-veteran Rasmus Aarflot og fyrer opp stemninga litt før kveldens lokaloppgjer borte mot Ørsta.