Normark ny styreleiar i Hødd Fotball:

«Om ein skal gå rundt i livet og berre vere opptatt av neste kamp blir det ikkje så artig å vere med»

Denne veka vart Ivar Morten Normark (54) vald til ny styreleiar i IL Hødd Fotball. Han meiner ein må glede seg over kvardagen. Heime med tobarnsfaren et dei ein del is.

PÅ HØDDVOLL: Ivar Morten Normark var på plass på Høddvoll alt dagen etter han vart vald til ny styreleiar i Hødd Fotball.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide/Vikebladet

Lokal sport

vikebladet.no Tysdagskvelden vart han på eit ekstraordinært årsmøte vald til ny styreleiar i IL Hødd Fotball. Alt dagen etter var han på plass på klubbhuset og snakka med gjengen, medan dei drakk kaffi og åt is. Stemninga var god.