Se kampen direkte: 14:00: Harøy - Giske (for abonnenter)

– Dette er noko vi har gleda oss til lenge, og som vi har jobba hardt for i ei periode. No har vi fått eit fantastisk flott anlegg, som vi verkeleg kan vere stolte av, seier Håkon Heieraas, fotballformann i Harøy IL, til Sunnmørsposten.

Idrettslaget inviterer heile øya, og fleire utanfrå, til ein skikkeleg folkefest når stadion skal opnast laurdag.

– Vi har brukt 12 millionar kroner, som er ei god satsing. Vi har fått kunstgrasdekke der grasbana var før, og vi får ei fin tribune med stolar. I tillegg har vi no løpebane og fasilitetar for lengdehopp, kasteøvingar og moglegheiter for høgdehopp, seier Heieraas.

Opnar med kamp mot Giske

Idrettslaget har lagt opp til ei opning av stadion laurdag, som blir krona med Harøy og Giske i 6. divisjon.

– Tidlegare hadde vi ei grasbane som alle gleda seg til å spele på, men dreneringa blei øydelagt og då var den ikkje bra nok, seier Thomas Gjerde, som er trenar for Harøya sitt lag i 6. divisjon.

Ifølgje Gjerde fekk idrettslaget eit stort løft då IP Huse-hallen blei opna i 2009. Han trur på eit nytt løft no.

– Det gror allereie godt i yngre rekker med mange tidlegare storspelarar på øya som bidreg, seier Gjerde.

Han trekk mellom anna fram Nora Harnes Håheim frå øya, som spelar for Molde i 2. divisjon, som er teken ut til Norges Fotballforbunds talentleir i Stavanger i sommar. Gjerde meiner at idretten på øya også har vore ein fantastisk integreringsarena for dei som har flytta dit.

– Etter at vi starta opp med eit a-lag for tre år sidan har vi hatt bra publikumsvekst. Vi har berre spelt kampar på bortebane i år, sidan bana ikkje har vore klar, så det skal bli kjekt å få ein heimekamp no.

Mykje publikum

Gjerde har eit håp om at heile øya mobiliserer når det er stadionopning og kamp same dagen.

– Sidan i august i fjor har vi berre trent i hallen, likevel ligg vi på andreplass på tabellen. Vi har omkring 20 spelarar i a-stallen, der nesten alle er frå øya. Det er vi veldig stolte av.

PS: Sjå stadionopninga og Harøy-Vigra på smp.no frå kl. 13.45 på laurdag.