Geiranger frå fjord til fjell har det meste. Denne laurdagen fullførte drygt 600 personar dei ulike aktivitetane.

Borghild Løvset, Orkla CK, sette sykkelrekord for kvinner med 1.09.04. Det var definitivt toppidrett.

Starta som 51-åring

Men karar som Olaf Øien og Ragnar Seljeset er krydder som set perspektiv på livet.

Olaf Einar Øien var 51 år då det fyrste Nibbeløpet – av mange den gongen sett på som galskap - vart arrangert i 1994.

Olaf var ein sprek 51-åring som tok dei 21 kilometerane og 1500 høgdemeterane på 2.03.22. Som 53-åring pressa han tida ned til 1.58.57, som er bestetida.

(saka held fram under)

Lysta kjem tilbake

Dei fleste hadde vel gitt seg ved passering av 60 år, men ikkje Olaf. Kvart einaste år har han vore på plass.

31.mai i år passerte han 75 år, og 9.juni tok han sitt løp nummer 25. Steget er ikkje som tidlegare, men farta betyr ikkje noko lenger. Denne gongen enda turen med 4.05.31.

– Einaste målet mitt er å fullføre. Hadde eg måtte ta avgjerda her og no, hadde eg kanskje sagt at dette var slutten i Geiranger, men får eg nokre dagar på meg så kjem lysta att, seier Olaf, like etter han har fått medaljen kring halsen som synleggjer full pott i Nibbeløpet.

Berre ein likesinna

Berre ein mann har gjort det same som Olaf Øien. Det er Ragnar Seljeset frå Hornindal.

Ein ung mann på 31 år fyrste gongen han sette kursen mot Geiranger og Nibbeløpet. Alle menn samla i same klasse, der Ragnar kryssa mållina på 2.34.29. I 1996 var tydelegvis forholda gode, for også Ragnar gjorde personleg bestetid dette året (2.08.47).

Honndølen var ein trufast deltakar fram til 2002. Då hende noko som snudde opp ned på livet hans.

Hard lagnad

39 år gamal fekk Ragnar hjerneblødning. Han vart eigentleg frisk att av dette, men ekspertisen meinte han skulle opererast. Diverre gjekk ikkje operasjonen etter planen, og Ragnar enda opp som ufør.

Men viljestyrken til denne mannen, var ukueleg. Med eit stort støtteapparat kom han tilbake til Nibbeløpet i 2003. Turen var blytung, men Ragnar greidde det. Klokka til tidtakarane viste fem timar og 42 minutt.

Gradvis betre

Ragnar brukte Nibbeløpet som motivator og dokumentasjon på eigen framgang. I 2007 greidde han turen på  fire timar og 37 minutt, ei tid som vart senka til 4.09.51 i 2010.

– Eg skal under fire timar, sa Ragnar til Sunnmørsposten  den gongen, og la vekt på ordet SKAL.

Han slapp vente lenge. Alt året etter gjorde han 3.52.49. Og siste åra har Ragnar vore stabil på kring fire timar.

Takka av seg sjølv

Før årets løp gjekk Ragnar ut på Facebook og takka hjelparane sine gjennom mange år, og kunngjorde at Nibbeløpet 2018 sannsynlegvis vart hans siste løp. Ringen var slutta, meinte han.

– Eg manglar rett og slett motivasjon for å stå opp og trene klokka 05.00-05.30, skreiv han.

Med Knut Lunde, Randi Langlo og Siv Kristensen som hjelparar tok Ragnar seg til mål på 4.01.22 i sitt 25. løp

Brått ikkje like sikker

På toppen av Dalsnibba vart han spurt om dette var siste gongen vi såg han der med startnummer på brystet.

– Sannsynlegvis, var svaret.

Men då blanda dei to kvinnelege hjelparane seg inn i samtalen:

– Men Ragnar då, korleis skal det gå med deg dersom du sluttar trene..? Du kjem til å æse utover og få stor mage!

Ragnar vart tagal ei lita stund. Litt tenkjande, før han sa: – Eg sa sannsynlegvis!