(Vikebladet Vestposten) Med bortekamp mot serieleiar Skeid som neste utfordring i serien var det ein både viktig og tøff kamp som venta Hødd heime mot Arendal søndag.

Bortelaget var på førehand nokre poeng bak Hødd, men har tidvis fått opp dampen etter ein svak start på sesongen. Sist helg slo dei Brattvåg 3-1. Då tok Hødd seg av Bryne heime på Høddvoll og sikra seg tre poeng etter ein velfortent 2-1 siger.

Før kampen hadde ikkje Hødd tapt heime sidan august i fjor. Det var også heimelaget som tok tak i kampen frå start og som produserte kampens første sjanse. Etter at eit skot frå Naglestad var innom ein forsvarar og gjekk til corner, vart det skikkeleg farleg på dødballen. Moltu heada tilbake i feltet der Daniel Eid fekk avslutta frå bra posisjon. Ballen var innom ein Hødd-spelar til, men fauk like over målet til Arendal.

Også bortelaget skulle få ei bra moglegheit i opningsminutta, men det var på grunn av at Ole Monrad Alme feilberekna eit framspel og sette seg sjølv ut av spel, men utan at angriparane til Arendal klarte å utnytte det.

Her kan du sjå heile kampen i opptak.

Dermed stilna det litt framom dei to måla og det var ikkje nokon sjansefest dei første femten minutta. Hødd hadde ballen mykje, men mot eit kompakt Arendal-lag var det vanskeleg å spele seg til dei gode avslutningsmoglegheitene.

Arendal hadde ikkje mykje å kome med dei første 22 minutta, men Hødd hadde eit par minutt då det såg ut til at dei prøvde å gje Arendal sjansen til å ta tak i kampen, med fleire hårreisande tversoverpasningar på eigen halvdel.

Og så skulle bortelaget score på det som var deira første store moglegheit i kampen. Eit langt innlegg blei slått mot bakre stolpe der Christensen sneik seg framom Daniel Eid og kunne enkelt sette inn 0-1 bak ein sjanselaus Hødd-keeper.

Berre minuttet seinare var Marius Hagen nære ved å utlikne, men sjølv om keeper såg avslutninga seint så fekk han slått vekk ballen til corner.

Etter det som såg ut som ei frisk opning frå heimelaget, med god kontroll på Arendal, vart det mindre fasong over spelet til heimelaget utover i omgangen. Med scoring på tavla såg det heller ut til at det var bortelaget som hadde oppgjeret der dei ønskte. Meir og meir av spelet vart også flytta inn på Hødd sin halvdel og heimelaget tapte fleire og fleire av nøkkelduellane.

Arendal var også nære å doble leiinga etter 40 minutt, då bortelaget igjen fann Christensen på bakre stolpe, men denne gongen gjekk avslutninga over.

Hødd var sist på det meste inn mot pause, godt illustrert av eit håplaust taklingsforsøk frå Marius Hagen midt på banen. Han trefte berre Adi Markovic, og var truleg heldig som berre fekk gult kort.

På overtid skulle Hødd få eit par sjansar til før pause. Markus Naglestad slo eit frispark knallhardt inn framom mål og Robin Hjelmeseth trengte berre å få luggen på ballen for å flukte den vidare inn i nettet, men angriparen nådde akkurat ikkje fram til ballen.

Det gjorde derimot Eirik Haugan minuttet seinare. Hødd fekk eit nytt frispark, som dei ikkje utnytta spesielt godt, men heimelaget stod etter og vann tilbake ballen i god posisjon. Den vart spelt ut til Markus Naglestad som la inn framom mål der Eirik Haugan sklei inn utlikninga. 1-1 ved pause.

Etter pause tok det berre halvanna minutt før Hødd produserte omgangens første sjanse. Bendik Rise og Markus Naglestad kombinerte fint og Rise kunne avslutte frå 14 meter, men han fekk ikkje nok kraft i skotet og keeper hadde bra kontroll.

Som i den første omgangen var det heimelaget som opna best etter pause, men også i den andre omgangen utan å skape det heilt store.

I staden blei det småfarleg på motsett side etter 55 minutt, då eit skot tok innom ein Hødd-spelar og forandra retning. Det førte til at Ole Monrad Alme fekk litt trøbbel, men han fekk slått unna ballen.

Hødd var svært nære å ta leiinga etter 66 minutt, då Marius Hagen fann Daniel Eid ute på høgresida. Han slo fint inn framom mål, der Markus Naglestad venta i god posisjon. Angriparen fekk også avslutta, men utan at han klarte å overliste bortelaget sin keeper.

Kort tid seinare var det Arendal sin tur, men ei strålande blokkering frå Eirik Haugan hindra skotet frå Jakob Rasmussen.

Etter 70 minutt tvinga Bendik Rise fram ei god redning frå Arendal-keeperen med eit skot frå 17 meter. Henrik Breimyr var nære ved å pirke inn returen, men bortelaget fekk klarert til corner i siste liten.

Og så skulle det lukkast for Hødd. Etter 77 minutt lurte Bendik Rise vekk to forsvararar med ei frekk pasning. Den sette opp Daniel Eid, som sette fart inn i feltet og leita opp innbytar Magnus Myklebust i feltet. Veteranen var sikker frå sju meter og plasserte ballen vakkert i lengste hjørnet. Ei perlescoring frå Hødd!

Fire minutt før slutt rulla Arendal opp eit bra angrep på høgresida og framom mål fekk Christensen avslutta, men headinga frå målscoraren var ikkje betre enn at Ole Monrad Alme hadde kontroll.

Ein innbytar hadde allereie scora og minuttet før slutt var Joachim Osvold nære ved å gjere det same. Magnus Myklebust la eit godt innlegg mot Osvold, som fekk til ei ok avslutning, men han klarte ikkje overliste keeper.

Berre minuttet seinare viste Myklebust korleis det skal gjerast. Daniel Eid var tilretteleggjar igjen og framom mål gjorde Myklebust ingen feil. Han sette inn sitt andre og Hødd sitt tredje mål i kampen og sikra dermed at poenga blei verande på Høddvoll.

Kampfakta

2.-divisjon avdeling 2

Hødd – Arendal 3 - 1 (1-1)

Høddvoll. 1179 tilskodarar inkludert sesongkort.

Dommar: Ola Kellerhals, Vaulen IL

Gule kort: Marius Hagen, Markus Naglestad, Lynge Christensen, Sune Kiilerich, Eirik Franke Saunes

Mål: 0-1 Rasmus Christensen (25), 1-1 Eirik Haugan (45), 2-1 Magnus Myklebust (77), 3-1 Magnus Myklebust (90)

Hødd: Ole Monrad Alme – Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu – Daniel Eid, Bendik Rise, Joakim Wrele, Marius Hagen, Johannes Sundgot (Eirik Franke Saunes 75) – Robin Hjelmeseth (Joachim Osvold 65), Markus Kvame Naglestad (Magnus Myklebust 75)