Det vart ikkje deltakarrekord, men kring 350 utøvarar la trøystig i veg frå Grodås sentrum laurdag klokka 08.00.

Ei kort regnbye hadde nettopp «dogga» ein elles knusktørr løypetrasé, temperaturen viste lågt tosifra, og det var overskya utan skodde.

Utover dagen kom sola og gjorde tilhøva ideelle.

Fjelløp-rekord

Arrangørane visste nok at potensielle rekordsettarar i ultraløpet mangla både for menn og kvinner, men i fjelløpet over 38 kilometer kunne det bli.

Og før arrangøren visste ordet av det, og fekk teke mot han på ein verdig måte, stod han der; Eidsdal IL sin Lars Åkernes Rimereit (23) med sluttida 4.09.19.

Nær 13 minutt under André Haugsbø sin rekord – av ein løps-debutant!

– Kven er Lars Rimereit?

– Er ålesundar, men har flytta til Eidsdal der eg er assisterande butikksjef på Coop Marknad. Eg byrja springe for eitt og eit halvt år sidan, men har allsidig bakgrunn med trening i idrettar som sykkel, symjing, langrenn, pluss at eg har trena mykje styrke og på romaskin, seier Rimereit til Sunnmørsposten.

Solid sunnmørsrekord

Eidsdal IL sette preg på dagen på fleire måtar.

Sistemann ut frå start var eidsdaling. Jonas Hesthaug presterte nemleg å bli 30 sekund for sein til start.

Men ved Horndøla bru hadde han passert alle, unnateke vinnaren Askild Vatnbakk frå Bøler IF (9.52.16). Jonas, som blir 20 i august, heldt koken på imponerande vis og «segla» over mållina i Honndalshallen på 10.00.01.

Det er 31 minutt raskare enn Kjell Magnar Berli sin tidlegare sunnmørsrekord i løpet.

– Eg fekk sekundering på bemanna postar. Avstanden var ganske stabil på mellom åtte og elleve minutt til vinnaren. Ein har alltid tunge periodar i eit slikt løp, seier Jonas, som byrja i det små med springing for tre år sidan.

Også Jonas Hesthaug jobbar ved Coop Marknad Eidsdal, men skal til hausten ta til som miljøarbeidar ved Vestborg internatskule, der han sjølv har vore elev.

Heimesiger for Live

Hornindal IL er eit unikt idrettslag. Arrangørjobben i Hornindal Rundt er storvegs, men korleis laget i den vesle grenda i tillegg greier stable på beina så mange aktive – ja, det er ei gåte.

Og denne gongen tok 14-åringen Live Sollid kaka. Ho fekk best tid (5.27.58) av 60 fullførande kvinner i 38 kilometer fjelløp. Frå sigersintervjuet tek vi med:

– Kor lenge er det sidan du starta trene springing?

– Om lag eitt år.

– Kor ofte trenar du?

– Mest kvar dag.

Truleg den sikraste «medisineringa» mot suksess. Og folkens, merk namnet: Live Sollid!

Lars Åkernes Rimereit viser tommel opp for kameraten Jonas Hesthaug. Foto: Atle Hole