Som har ei lang fartstid bak seg i sunnmørshandballen, både som aktiv og som trenar både for ÅHK, Spjelkavik og Voldas damelag.

Saman med Torbjørn Ness har han fått Spjelkavik på kartet i gutehandball, og der var sonen Markus Buchardt særs viktig. Nå har også Markus meldt overgang til Bergsøy, det same med ein annan ålesundar, Håkon Tømmerdal Forberg.

Og Thomas Buchardt har ambisjonar på vegne av Bergsøy.

– Målet for komande sesong er å kome høgt på tabellen i 2. divisjon. Så høgt at vi kanskje får spele om opprykk til 1. divisjon til våren.

Vil vinne avdelinga

– Og då må Bergsøy vinne si avdeling i 2. divisjon?

- Det stemmer. Og det kan vi klare, om vi får til dette prosjektet. Vi får behalde stort sett heile laget frå forrige sesong, og så kjem altså Markus og Håkon inn. Og truleg fleire andre også, uten at dette er klart førebels.

- Blir det ikkje travelt for deg å reise heilt frå Ålesund til Fosnavåg fleire gonger i veka?

- Nei, det skal gå fint. Eg skal leie laget i tre økter pr veke i hall, og det er ikkje så gale. Eg får også med meg Jørn Remøy som assistent under kampar, og Rikard Mo skal leie treningane dersom eg er forhindra frå å vere der.

Vil stramme inn

Spelarane kan vente seg eit tøffare trenings-regime enn forrige sesong.

– Det var litt halvvegs over Bergsøys herrelag sist sesong. Så eg må nok stramme inn og få ein fastare struktur over saker og ting. Eg meiner at vi bør ha ein stall på 14-16 spelarar som møter til kvar trening, og det trur eg vi skal få til, seier 45-åringen.

Jørn Remøy i Bergsøy Handball håper at herrelaget kan bli eit lag for heile Sunnmøre.

- Vi har spelarar frå både Volda og Ålesund, i tillegg til våre eigne gutar samt Grieze-brørne. Som framleis er med. Vi er svært glade for å få inn Thomas Buchardt som trenar, og vi trur at vårt heimepublikum skal få mange gode stunder i Herøyhallen komande sesong, seier Remøy.

Damelaget rykka ned frå 2. divisjon i vår, og må også ha ny trenar. Men her er ikkje kabalen løyst førebels.