(Vikebladet vestposten) Første veka i august startar det «Europeiske Meisterskapet» i Glasgow. Dette er ein nytt multisportarrangement, som samlar vannsport, sykling, golf, turn, roing og triatlon under same paraplyen.

Til EM i turn skal også ei ungjente frå Ulsteinvik. Edel Charlotte Eiken Fosse deltek på sitt første store internasjonale meisterskap som senior.

Førsteårs senior EM i Glasgow blir Edel Charlotte sitt første store internasjonale meisterskap som senior. Foto: ANDREAS STEINNES BJERKNES, Vikebladet

Vart nordisk meister

Tidlegare i år var ho med på det norske laget under Nordisk Meisterskap i Danmark.

– Det gjekk heilt greitt, men ikkje veldig bra for min del, seier Eiken Fosse.

Ho var likevel med på laget som gjekk heilt til topps i konkurransen og kan dermed smykke seg med tittelen «Nordisk meister».

– Det var veldig kjekt, fortel ho.

Under EM er det både ein lagkonkurranse og individuell konkurranse, men på det norske laget er det ingen av utøvarane som kjem til å turne alle fire øvingane, og det er dermed lagkonkurransen som er prioritert.

Lagbygging

For sjølv om det norske laget var best i Norden i år, så er konkurransen i Europatoppen knalltøff. Norge er flytta opp i subdivisjon 3, men dei åtte beste nasjonane turnar i subdivisjon 4.

– Landslagssjefen har sagt at målet denne gongen er å sveise saman og bygge lag inn mot VM og meir langsiktig inn mot OL, som vil vere det store målet. Då ønskjer ein å ta det beste frå kvar einskild gymnast. Nokre er gode i hopp, nokre i skranke, nokre i bom og nokre i frittståande. Det er fem som reiser til Glasgow, men berre tre som får turne i kvart apparat, fortel Vidar Fosse som er far og trenar til Edel Charlotte.

Høgtflygande Skranke er eitt av apparata det er svært aktuelt at Edel Charlotte turnar under EM. Foto: ANDREAS STEINNES BJERKNES, Vikebladet

Sjølv om Edel Charlotte er førsteårs senior denne sesongen, så har ho ikkje merka den store forskjellen frå tida som juniorgymnast.

– Nei, konkurransane går føre seg på same måten uansett. Det ein ser er jo at det er endå fleire som turnar på eit veldig høgt nivå, fortel ho.

Med mange konkurrentar på svært høgt nivå, stiller det også store krav til dei norske utøvarane. Under Nordisk var det nokre øvingar Edel Charlotte ikkje var heilt nøgd med, og difor blir det mykje trening i turnhallen på Skeide for å finpusse dei ulike øvingane.

– Eg ser allereie at ting ser betre ut med den treninga vi har lagt ned etter Nordisk. Det er spesielt element som vi ser at eg ikkje har fått til så bra i fleire konkurransar, og då jobbar vi med å få endra på det slik at vi skal unngå å få for mykje trekk, seier ho.

For målet er at det skal bli så godt som perfekt.

To eller tre apparat

Per dags dato veit ikkje Edel Charlotte kva øvingar ho kjem til å konkurrere i under EM i Glasgow, men ho kan truleg vere aktuell både i favorittapparatet skranke og i frittståande.

– Edel Charlotte og dei andre får turne to eller tre apparat kvar. Målet er å skape eit godt lag og at ein kan få ein god lagsum. Slik blir det også under VM i haust, men der er det berre tre som får delta og dermed er nålauget endå trongare, fortel Vidar Fosse.

Ifølgje Fosse er det størst sjanse for at Edel Charlotte turnar skranke.

– Der har ho ei god øving med høg vanskegrad. I tillegg blir det nok anten bom eller frittståande, kanskje begge deler. Det blir avgjort når dei skal trene saman i Oslo.

Han legg til at ønskjer er å utvikle eit lag som kan bite godt frå seg under VM i Stuttgart i 2019. Dette meisterskapet er nemleg viktig med tanke på kvalifisering til OL i Tokyo.

– Det er lenge sidan vi har hatt eit så godt norsk lag, og det var ein grunn til at vi vann Nordisk. I tillegg er det eit svært ungt lag. Det er godt potensial i det norske laget og no handlar det om å utvikle dei på rett måte, fortel Fosse.

Inn mot meisterskapet i Glasgow blir det mykje trening for ungjenta, først heime i Ulsteinvik, før laget samlast i Oslo for å trene saman frå 25. juli.

– Eg har ikkje noko plasseringsmål. Målet mitt er eigentleg berre å turne så godt som eg kan og håpe på at det går bra. Ein må berre turne så godt som råd, fortel Edel Charlotte.