Johan Bugge frå Eidsvåg er bortimot fast gjest under Mefjellet Opp. Han har også løyperekorden(42.57) i det sju kilometer lange løpet med stigning på 1100 høgdemeter. Og ei rad sigrar elles, i det som vert neste års NM-løype i motbakkeløp 22.juni 2019.

Bugge vann søndag kontrollert på 45.46, men ein tidlegare skiløpar, no klubblause Per Christian Torgersrud frå Lillehammer, imponerte enno meir som vinnar av klasse 40-44 år på sterke 46.44.

Skylstad sterk

Beste lokale: Andreas Skylstad frå Norangsdal IL på veg opp Mefjellet. Han vart beste sunnmøring med sin sterke 3. plass totalt, og blir eit sterkt kort også i NM neste år. Foto: A Hole

Vi har tidlegare skrive om unge sunnmøringar på frammarsj på løpsfronten. Og dei viste seg fram også på Mefjellet. Berre to sunnmøringar hadde under den magiske 50 minutt grensa før løpet i helga, nemleg Hans Martin Gjedrem (46.03 som bestetid) og Runar Korsnes (49.57). Her svinga Norangsdal IL sin Andreas Skylstad seg elegant inn med 48.54, som heldt til 3.plass totalt. Deretter kom den unge duoen frå Eidsdal IL, Lars Rimereit (50.25) og Jonas Hesthaug (52.22).

– Eg er ganske så fersk i dette faget. Trur eg har meir å gå på til neste års NM, men likar best løyper som går enno meir etter sti enn denne, konkluderte Skylstad som pressa fjorårstida ned med nær to minutt.

Sprek ordførar: Ordførar Arne Sandnes er 71 år, men kom seg fint opp Mefjellet. Neste år vertt han NM-ordførar på heimebane. Foto: A Hole

Svensk kvinne-vinnar

Ida Nilsson, Høgby IF, leverte sterke 54.39 som soleklar kvinnevinnar. Sunnfjordingen Eli Anne Dvergsdal var nærast på 59.04.

Valldal IL, 100 år i 2019, vil nok vere på tå hev fram mot NM. Mellom anna fordi generalprøva gav ein smule tidtakarkluss til elles driftige arrangørar. Knallbra av skodjebygdaren og 13-årige Sindre Fylling (Stordal IL), som leverte 56.31 i den nye mosjonsklassa med tidtaking. Og i andre enden av aldersskalaen stod Arne Sandnes (71) fram som ein verdig NM-ordførar, med 1.27.13.

22.juni 2019 vil bli ein merkedag på indre Sunnmøre!