Johan Bugge til topps i Mefjellet Opp. Og neste år er det NM der

- Vil vinne i favorittløypa

Romsdalingen Johan Bugge vann i helga generalprøva før NM i 2019 under Mefjellet Opp, der Andreas Skylstad leverte sterke 48.54 som tredje beste løpar.

Til topps: Johan Bugge vann Mefjellet Opp, og det er ikkje for fyrste gong. Romsdalingen kjem attende neste år, når NM i motbakkeløp skal avviklast her. Og han kjem for å vinne nok ein NM-tittel i favorittløypa si. Alle fotos: Atle Hole  Foto: A Hole

Lokal sport

Johan Bugge frå Eidsvåg er bortimot fast gjest under Mefjellet Opp. Han har også løyperekorden(42.57) i det sju kilometer lange løpet med stigning på 1100 høgdemeter. Og ei rad sigrar elles, i det som vert neste års NM-løype i motbakkeløp 22.juni 2019.