Handball:

Volda slo attende etter stortap - knallkamp av 19-åring

Etter forventa tap for seriefavoritt Sola slo Volda sine handballdamer kraftig attende og vann 29–25 mot Ålgård på Jæren.

Sin beste kamp i volda-trøya: Unge Pernille Holsvik Ingebrigtsen gjorde sin beste kamp i Volda-trøya sundag då ho vart toppskårar på sitt lag saman med Lone Vik. 19-årige Ingebrigtsen skåra sju mål frå sin vingposisjon.  

Lokal sport

– Dette går heilt etter planen. Igjen gjorde vi ein god kamp, og det var ein lagsiger.