Symjing:

Fleire sterke resultat i julelauget i Volda

Det tradisjonsrike symjestemnet Julelauget vart arrangert i helga og fleire lokale symjarar hadde framskritt i symje-bassenget.

IMPONERTE: Vetle Vikestad Løseth svømte sterkt på 200 meter individuelle medley. Foto: Svein Olav Humberset  Foto: Svein Olav Humberset

Lokal sport

Det mest imponerande resultatet stod truleg Vetle Vikestad Løseth for på 200 medley. I øvinga, der utøvarane sym 50 meter i kvar av dei fire stilartene, knuste 14-åringen sin egen personlege rekord.

Symjaren frå Aalesunds Svømme- og Livredningklubb senka sin eigen rekord med over tre sekund og gav over 500 FINA-poeng.