Bergsøy sin handballtrenar Thomas Buchardt: – Sunnmøre må vakne

Bergsøy sine handballherrar er i siget, og trenar Thomas Buchardt har god tru på opprykk til 1. divisjon i vår. Men kva då?

Bergsøy: Her er Markus Buchardt i aksjon for Bergsøy.   Foto: BIL Handball

Lokal sport

– Vi maktar ikkje å gjere alt aleine. No må resten av handball-Sunnmøre på herresida vakne opp. Klarer vi å spele oss opp i 1. divisjon, bør Sunnmøre samle seg om oss som satsingslag for herrar, meiner Buchardt.

Og det er særleg Spjelkavik IL han har i tankane. Klubben som Buchardt forlot for eit år sidan.