Mista sigeren på slutten

Bergsøy følte seg snytt for sigeren etter at det enda 22–22 borte mot botnlaget Asker.

uavgjort: Markus Buchardt, som scora fire mål, og Bergsøy spelte 22–22 borte mot Asker. foto: svein olav humberset 

Lokal sport

Bergsøy fekk ein tøff start på kampen mot Asker, og låg under 6–1 då det var spelt litt over ti minutt i Vollen idrettshall. Men med eit par minutt igjen å spele av 1. omgang, tok Bergsøy leiinga 10-9, som også var pauseresultatet.

– Vi brann rett og slett for mange sjansar, men det skjedde gjennom heile kampen. Vi blei betre etter ein timeout halvvegs i omgangen, seier trenar Thomas Buchardt.

Meiner sunnmøre bør samle seg om eit satsingslag: – Vi maktar ikkje alt aleine

Bergsøy sine handballherrar er i siget, og trenar Thomas Buchardt har god tru på opprykk til 1. divisjon i vår. Men kva då?


Bergsøy leia med tre mål to gonger i 2. omgang, men Asker kom inn i kampen igjen. 45 sekund før slutt var Bergsøy oppe i 22-21, men Asker utlikna like etterpå. Fleire mål blei det ikkje, men bortelaget meiner dei blei snytt for sigeren like før slutt.

– Med fem sekund igjen å spele, blei ein av våre spelarar spelt gjennom og tatt utan at vi fekk noko. Det er surt at det blei slik, seier Buchardt.

Emil Raknes blei toppscorar med åtte mål mot Asker.

Bergsøy ligg framleis på andreplass på tabellen. Sotra, som ligg på plassen bak, tapte 27–22 mot serieleiar Tjølling.