Friidrett:

Det gror bak Warholm, nye friidrettstalent frå Dimna

Karsten Warholm er den store inspirasjonskjelda for dei unge talenta som kjem bak verdsstjerna i eigen klubb.

Lovande: Gabriel Overvåg er ein lovande sprintar frå Dimna IL, som har Karsten Warholm som sitt store førebilete. – Eg gler meg til Ungdomsmeisterskapen på heimebane i mars. Der har eg som mål å klare ei medalje, seier ein offensiv 14-åring. Som vert 15 år om fire veker. Han er debutant i 15-årsklassa og UM denne sesongen.  Foto: SVEIN OLAV HUMBERSET

Lokal sport

– Karsten er ein motivasjonsfaktor for meg etter at eg byrja med friidrett for to år sidan, seier Gabriel Overvåg. Han deltok under krinsmeisterskapen i Ulsteinhallen denne helga, etter at han var tilskodar til storstevnet Karsten Warholm International fredag.


– Ei stor oppleving, sa Gabriel. Som sjølv sette «pers» på 200 meter laurdag. Han vart klokka inn på 24,90 sekund, som gav pene 923 poeng etter Tyrvingtabellen.