Jonas og jentene var best i Spjelkavik-renna på Fjellsætra

Jonas frå Stranda berga æra til gutane då Spjelkavik-renna vart avvikla på Fjellsætra i helga.

jonas og jentene: Jonas Hole Hagen, Stranda IL, var i ei eiga klasse mellom gutane i dei to Spjelkavikrenna. Her står han i midten og vert gjort stas på av eit knippe skarpskodde jenter i same klasse. Frå venstre Ariana Rebbestad, Ørsta IL (dobbelvinnar), Frida Strandmann Kaldhussæter, Stranda IL, Aurora Stokkereit, Stranda IL og Solveig Grønningsæter, Ørskogfjell Skilag. FOTO: ATLE HOLE  Foto: Atle Hole

Lokal sport

Lokal alpinsport er inne i ei «gutekrise». Det må bli den dramatiske konklusjonen etter Spjelkavik-renna på Fjellsætra i helga. 24 utøvarar kjempa om KM-titlane i storslalåm laurdag, 16 av desse jenter.