Hødd hentar inn idrettskretsens leiar som ordstyrar til tirsdagens årsmøte

Normark tok fyrste stikk

Valkomiteen i Hødd har kome med si innstilling på dei ulike verva i klubben føre tirsdagens årsmøte, og Ivar Morten Normark er innstilt som styreleiar i Hødd Fotball.

Valkomiteens leiarkandidat: Ivar Morten Normark har framleis tillit hjå valkomitéen i Hødd. Han er innstilt som leiar i Hødd Fotball det neste året, men kan vente seg ein skarp motkandidat i tidlegare fotball-leiar Bård Dalen. Som truleg vert fremma som eit benkeforslag til leiarvervet på årsmøtet.   Foto: Marius Simensen

Lokal sport

Det opplyser hovudstyret sin leiar Einar Warholm til Sunnmørsposten. Valkomiteen hadde sitt siste møte søndag, og enda då opp med den same innstillinga som det fotballstyret hadde utarbeidd før gruppa sitt årlege møte sist tirsdag.