Skiskyting:

– Dedikert utøvar som har tatt store steg

Trenar Hans Martin Gjedrem snakkar i rosande ordelag om Gunn Kristin Tvinereim som er det lokale medaljehåpet i junior-NM.

Lovande: Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim er medaljehåp under junior-NM.   Foto: PRIVAT

Lokal sport

Rutinerte Gjedrem, med pallplass i verdscupen og fleire NM-gull på sin CV, er trenar ved Stryn vidaregåande skule. Der har han ansvaret saman med Anders Vonheim. Duoen er i helga på plass i Orkdal der junior-NM i skiskyting vert arrangert. Og der Gunn Kristin Tvinereim, Hardbagg er løparen Gjedreem skryt mest av.

– Ho er i sitt fyrste år som junior og har fleire pallplasseringar allereie i noregscupen. Blant anna frå rennet på Os der ho vann 17-årsklassa og hadde betre tid enn vinnarane i 18- og 19-årsklassa eine dagen, seier Gjedrem om Hardbagg-jenta. Som tidlgere spelte fotball, men no har all fokus på skiskyting.

Therese Johaug i særklasse best – Martine Lorgen Øvrebust fikk sin verdenscupdebut

Therese Johaug i særklasse best – Martine Lorgen Øvrebust fikk sin verdenscupdebut

– Jeg var forberedt på det verste, og det ble akkurat så brutalt som jeg kunne forvente. Men en stor opplevelse var det uansett.


15 løparar frå dei lokale nordfjordsklubbene samt Volda deltek under junior-NM som i dag har fellesstart på programmet. I morgon er det sprint før NM avsluttast med stafettar søndag. Forutan nemnde Tvinnereim er forventningar også til Simon Kirkeeide, Markane, Vegard Skrede, Hardbagg, Anne Marie Roset, Markane, Martin Aaland, Hardbagg, og Bendik Vereide, Stårheim.

Thingnes Bø fikk overhaling av skytetreneren mellom etappene

Da Johannes Thingnes Bø skjøt tre bom på første stående fikk han høre noe som kunne ligne fransk bannskap fra skytetrener Siegfried Mazet.


Les fleire saker om lokal idrett på Nordvestlandet.