200 deltakarar og 500 startar under 40-årsjubileet for Dimnaleikane:

Kulestøytar aller best

Elin Skavnes Våge sørga for det kvalitetsmessig beste resultatet under den 40. utgåva av Dimnaleikane i friidrett sundag.

Vann: Denne duoen vann 200 meter i sine klassar i Dimnaleikane. Nr. 173 er Sigrid Vartdal, Ørsta (18/19 år), som fekk 28,15 sekund i og Leonita Sofi Brandal (nr. 056) frå Dimna (17) vann si klasse med 28,50 – i sterk motvind.   Foto: SVEIN Olav HUMBERSET

Lokal sport

12.14 meter (3 kg) var det lengste støyten og ny personleg rekord for Skavnes Våge i 16-årsklassa. Det ha heile 1004 poeng på den velkjende Tyrvingtabellen. Alle resultat over 1000 poeng etter denne tabellen er veldig bra.