Hødd rundar hundre år

For hundre år sidan vart Hødd stifta, nærare bestemt 1. august 1919. Då visste ingen i Norge kva eller kven dette var for noko, men i dag veit dei fleste om klubben frå havgapet. Dei som lagar gull av gråstein.

I farta: Kjetil Hasund har dribla AaFKs sin senterhalf Johan Pedersen på rygg i 1964, og då er det berre å sette ballen i nota. Som Kjetil gjorde utallege gongar. No gler 77-åringen seg over at klubben hans rundar 100 år, og Kjetil blir med på dei mange feiringane i jubileumsåret.   Foto: Sunnmørsposten

Lokal sport

Heile 2019 har vore prega av dette jubileet. Og på sjølve «bursdagen» til Hødd vert det også skipa til fest, sjølv om dagen kjem midt i ferien til mange høddarar, og mange av dei unge spelarane i klubben no er i Oslo for å vinne kampar i den blå drakta i Norway Cup.