1500 spelarar kjem til storhallen på cup

Hødd Fotball avviklar komande helg sin Tare-cup for 20. året på rad, og innandørsturneringa i Sparebanken Møre Arena i Ålesund vert nok ein gong ein av dei største inne-turneringane i fylket.

Per Arve Moldskred ynskjer 1500 gutar velkomen til årets Tarefestival komande helg. I Sparebanken Møre Arena i Ålesund.   Foto: Smp

Lokal sport

Rundt 1500 spelarar fordelt på heile 205 lag frå 36 klubbar blir å sjå i aksjon i storhallen. Og i dei yngste klassane er det meldt om rekordpåmelding denne gong. Turneringa er berre for gutar denne gong, sidan jentene var med i Tare Jentefestival sist helg.