Volda-trenar Halldor Haraldsson:

–Vi bør slå Ålgård heime

I år som i fjor kjempar Volda-damene heilt i toppen i handballens 1. divisjon. Og søndag bør voldingane ta to nye poeng, heime mot Ålgård.

Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson ber spelarane kun tenke ein kamp framover. Og han håper og trur på siger mot Ålgård i Voldahallen søndag.   Foto: Marius Simensen

Lokal sport

– Ut frå tabellen er vi favorittar, og eg er einig i at vi bør vinne denne heimekampen. Men Ålgård er gode mot dei beste, dei har spelt ganske jamt mot fleire av topplaga. Så vi tek dei på alvor, ja, seier trenar Halldor Stefan Haraldsson.