17-åring fra Eid imponerte

Magnus slo til på Lygna

Det var ikkje berre møringar som deltok under Norgescupen i langrenn for junior på Lygna. Også nordfjordingane var med, og gjorde det framifrå. Faktisk endå bedre enn utøvarane frå Møre-krinsen.

Imponerte: 17-årige Magnus Skeide Bakke frå Eid IL flytta til Geilo for å bli ein bedre langrennsløpar. Og det har han vorte.   Foto: Privat

Lokal sport

17-åringen Magnus Skeide Bakke frå Eid IL gjekk søndag inn til ein råsterk 5. plass på 10 km fristil i G17. Han var under minuttet bak klassevinnaren Per Strand Hagenes frå Sandnes IL.