KFUM-Volda rota bort sigeren, tapte 2-3

KFUM-Volda sitt damelag var på veg mot ein trygg siger i eliteseriekampen i volleyball mot Førde i Førdehuset. Men så snudde det heilt, og voldingane tapte til slutt 2-3.

Volda-kaptein Vilde Stakseng og KFUM-Volda kunne ha vunne 3-0, men rota bort sigeren og tapte 2-3 i Førde.   Foto: Jarle Mordal

Lokal sport

– Ein merkeleg kamp. Alt tyda på at vi skulle vinne ein grei siger, etter å ha vunne fyrste sett 25-11. Og i 2. sett er det nesten ein prestasjon av oss å ikkje vinne settet, seier lagleiar Håkon Bø.