Møtte to storlag frå Austlandet i Lerøyserien i handball:

Ørsta-gutane yppa seg

Som venta tapte Ørsta sine G18-gutar begge heimekampane i den landsomfattande Lerøy-serien i helga. Men mot Haslum yppa dei seg verkeleg.

Målshow: Odin Tømmerbakk (i midten) vart toppscorar i kampen då Ørsta heldt på å ta poeng mot Haslum. Odin scora sju mål, og var god. Det var lagkameratane også.   Foto: Mørenytt

Lokal sport

I første kamp møtte Ørsta eit svært godt lag frå Falk Horten, og var sjanselause. Falk har seks spelarar på yngre landslag, og vart rett og slett for gode. Ørsta tapte 14-27, men spelte ganske jamt med gjestane etter pause.