Berre 21 stilte i konkurranseklassa, av dei fem damer

Anne (70) einaste honndøl i Honndalsrennet

Hadde det ikkje vore for ein del sunnmøringar på startstreken, så hadde årets Honndalsrenn nærast vore håplaust å avvikle.

Anne Raftevold var både arrangør og deltakar i turrennet Honndalsrennet søndag. Men sprekingen på 70 år var den einaste deltakaren frå arrangørlaget!   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Lokal sport

Volda, Ørsta og Hovdebygda stilte med nokre aktive kvar, og Volda vann sjølvsagt premien for beste «tremanns-lag» både for menn og kvinner. Sidan Volda var einaste som mønstra minst tre aktive både for menn og kvinner.