Malene Aambakk får oppfylt draumen:

– Vil hevde meg i Danmark

Handballspelar Malene Aambakk (26) skal spele for danske Odense komande sesong. Bakspelaren frå Åmdalen får dermed oppfylt proffdraumen som ho har hatt.

Klar for Odense: Malene Aambakk har signert ei proffkontakt på to år med danske Odense.  

Lokal sport

(Møre-Nytt:) Etter seks sesongar i Storhamar skifta Malene Aambakk beite i fjor. Hamar vart bytta ut med Molde. 26-åringen har fått ein meir sentral plass i sitt nye lag, og det har gjort at andre klubbar har vist si interesse. Tysdag offentleggjorde Odense at bakspelaren har signert ei toårskontrakt med den danske toppklubben.