Hødd-spelar på utlån til Brattvåg

Robin Shroot skal på utlån til Brattvåg Fotball.  Foto: Marius Simensen

Lokal sport

Hødd Fotball og Brattvåg Fotball er einige om ein utlånsavtale for Robin Shroot.

Shroot har kontrakt med Hødd ut november 2020. Utlånsavtalen gjeld ut denne perioden.

– Brattvåg Fotball tok kontakt med Hødd Fotball med førespurnad om ein utlånsavtale. For Hødd Fotball har det vore viktig ågå i dialog med Robin for å få til best mogleg løysing for alle partar, skriv styreleiar Kari Mette Sundgot i Hødd.


Hødd-Brattvåg:

«Brattvåg-dødaren» slo til igjen

Robin Hjelmeseth hadde tidligere senket Brattvåg som både Herd-spiller og Elverum-matchvinner. Lørdag slo 27-åringen til igjen da Hødd vant 2-0 hjemme mot de gule og blå.


Hødd Fotball har arbeidd for å få til ei løysing der Robinframleis kunne halde fram som dametrenar i Hødd, men dette har ein ikkje lukkas med.

– Vi er difor i full gang med å legge ny kabal for trenarar til damelaget vårt. Vi meiner at utlånsavtalen med Brattvåg Fotball er ei god løysing både for Robin sjølv og Hødd Fotball, skriv styreleiaren, som takkar Shroot for innsatsen han har lagt ned i Hødd som spelar og trenar, og ynskjer han lykke til i Brattvåg.


Lørdag kl. 16.00:

Sjå Hødd - Brattvåg direkte

Sjå dagens lokaloppgjer i PostNordligaen mellom Hødd og Brattvåg direkte på smp.no.