Handball:

No går Volda for opprykket til eliteserien

Volda handball har i fleire år sagt at dei har ambisjonar om opprykk. No er det på tide, meiner trenar Halldor Stefan Haraldsson.

VANN: Volda handball slo Randesund i ein treningskamp i føre helg.  Foto: Volda handball

Lokal sport

I to sesongar har Volda kjempa i toppen av 1. divisjon i handball. Føre sesong låg dei på tredjeplass, som gir kvalifisering til eliteserien vanlegvis, då sesongen vart avslutta. Grunna betre poengsnitt fekk derimot Rælingen tredjeplassen, og det blei bestemt at trearen fekk rykkje rett opp.