Hjelmeseth i storform då Hødd slo Eidsvold Turn

Hødd banka Eidsvold Turn 5-1 på bortebane, i hovudrollene var toppscorar Robin Hjelmeseth og debutant Elias Melkersen.

JUBEL: Hødd hadde mykje å juble for då dei scora fem gongar mot Eidsvold Turn.   Foto: Hødd Fotball

Lokal sport

Søndag ettermiddag gjesta Hødd Eidsvold Turn, som har vore svært varierande i prestasjonane denne sesongen. Dei gjorde det vanskeleg for Hødd periodevis, men med scoringar frå Robin Hjelmeseth, Eirik Saunes og debutant Elias Melkersen sikra ulsteinvikarane til slutt sin største siger for sesongen, 5–1.