Handball:

Volda må temme 18-åring for å ta sin andre strake siger

Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson trur det blir viktig å ta ut stortalentet Sofie Celius av kampen for å vinne over Reistad på søndag.

Halldor Stefan Haraldsson er klar på at Volda nok ein gang må prestere på høgt nivå for å vinne i helga og peker ut ein nøkkel for å ta to poeng.  Foto: Marius Simensen

Lokal sport

Det er allereie to veker sidan Volda serieopna med siger borte mot Nordstrand. Dei skulle eigentleg spele sin andre kamp den etterfølgande onsdagen, men ein uviss koronasituasjon hjå motstandar Ålgård førte til at kampen vart utsett. Haraldsson er usikker på om det lange avbrekket er ein fordel eller ulempe.