Fleire utgåande kontraktar hos fotballklubbane

Fleire spelarar i IL Hødd og Brattvåg IL er på utgåande kontraktar. Stram økonomi og eit tidspress for å rekke sesongstart kan gjere at dei stiller med redusert stall i januar.

Hovudtrenar Kevin Knappen i IL Hødd seier dei kanskje stiller med redusert stall til sesongstart.  Foto: Per Werkland

Lokal sport

– Det er veldig opent. Vi har 16 spelarar på trening, der fire har kontrakt, seier hovudtrenaren i IL Hødd, Kevin Knappen.