Volda er i toppen av jamn serie

Før årets siste bortekamp er Volda handball på tredjeplass i ein jamn serie: – Det er umogleg å seie kva som skjer i år, seier trenaren.

Det ser bra ut for Volda Handball når dei nærmar seg halvvegs i sesongen. På biletet er Kine Kvalsund i aksjon for Volda tidlegare i år.  Foto: Aleksander Svendsen

Lokal sport

Etter åtte kampar ligg Volda handball på tredjeplass i førstedivisjonen for kvinner, fire poeng bak leiaren Follo HK Damer, som har spelt to fleire kampar i serien i år. Halldor Stefan Haraldsson, trenar for Volda handball, seier det er ein ekstremt jamn serie i år.