Hødd signerte spelar frå Færøyane

Jann Julian Benjaminsen (23) har i torsdag signert ein toårsavtale med Hødd Fotball, det skriv Hødd i ei pressemelding.

Frå Færøyane til Hødd: Jann Julian Benjaminsen er ny Hødd-spelar. Her frå prøvespel i klubben i januar 2020.  Foto: Vikebladet Vestposten

Lokal sport

Benjaminsen har fleire kampar på aldersbestemte landslag for Færøyane. Han står oppført med 126 serie- og cupkampar for NSÍ Runavík og var i år med å kjempe om serietittelen heilt inn i Meistaradeildin, men enda til slutt 6 poeng bak seriemeister HB Tórshavn, skriv Hødd i meldinga.