Langevåg-spelar til Volda HK etter samarbeidsprosjekt mellom klubbane

Kristin Fladmark Skarbøvik frå Langevåg IL har signert toårskontrakt med Volda HK frå juni 2021. Begge lag ser på dette som eit godt teikn på byrjinga av eit samarbeidsprosjekt.

Signerer: Kristin Fladmark Skarbøvik frå Langevåg IL har signert toårskontrakt med Volda HK frå juni 2021. Til høgre er Bent Ingebrigtsen frå Volda HK.  Foto: Volda HK

Lokal sport

Langevåg IL har eit samarbeidsprosjekt med Volda HK der Volda skal bidra med kompetanse i utvikling av trenarar, treningskultur og handballfilosofi. Dette har ført til at Kristin Fladmark Skarbøvik går frå Langevåg IL til Volda HK frå neste sommar, skriv Volda HK i ei pressemelding.