Dimna-utøvaren blei for overivrig i den nye satsinga si: – Den som vil kan prøve

Ådne Andersen gjekk frå å satse på 1500 meter til maraton nærmast over natta. Det enda til slutt opp i ein slitasjeskade.

SKADA: Ådne Andersen har vore skada i stort sett heile høst, men har begynte i desember å springe igjen.  Foto: Odd-Sølve I. Grannes

Lokal sport

26-åringen debuterte på dei lengre distansane med eit brak då han vann halvmaratonen i Oslo Maraton hausten 2019. Då var han framleis klar på at 1500 meter var hans distanse, men på nyåret i 2020 valde han å gå over til og satse på maraton, ein distanse han aldri hadde sprunge og framleis ikkje har sprunge i konkurranse.