Usikker på skadebeløpet i Brattvåghallen

Fyrverkeri blei fyrt av i hallen 30. desember, det kan på det meste koste klubben eit millionbeløp å erstatte.

Hærverk: 30. desember blei det fyrt av fyrverkeri inne i Brattvåghallen. Kunstgraset blei skadd og må erstattast.  Foto: Brattvåg IL

Lokal sport

Skaden er gjort på fleire område, som kan vere på til saman 50 kvadratmeter. Erstatningsbeløpet er avhengig av kor mykje som må skiftast, seier Oddmund Davik Otterlei, dagleg leiar i Brattvåg IL.