Eit forsterka Hødd startar oppkøyringa i dag – har koronatesta alle som kjem frå andre fylke

Hødd kjempa lenge om å spele opprykkskvalifisering i fjor, men det glapp på tampen. No begynner laget kanskje å sjå sterkare ut enn på mange år.

Hødd startar allereie no oppkøyringa til sesongen 2021.  Foto: Marius Simensen

Lokal sport

Etter ein litt svak start på føre sesong under Kevin Knappen, fikk trenaren etter kvart fart på laget, og dei låg lenge på andreplass med gode moglegheiter for å spele om opprykk til 1. divisjon. Slutspelet vart derimot for tøft og til slutt kapra Skeid andreplassen. Korona gjorde også at Hødd avslutta sesongen nokre kampar tidlegare enn planlagt, då det ikkje var noko på spel.