Ingen handballdommarar på Sunnmøre er kvalifiserte til å dømme i toppen – manglar oppfølging

Handballforbundet sender dommarar frå Oslo til Volda for å dømme førstedivisjonen, då ingen dommarar i området er høgt nok rangerte. – Vi manglar betre oppfølging, meiner tidlegare dommarkoordinator på Sunnmøre

Hard duell: Sara Dögg Hjaltadóttir for Volda Handball i kamp mot Nordstrand 10. januar. Kampen blei dømd av eit dommarpar frå Oslo, då ingen dommarpar på Sunnmøre er rangert høgt nok til å dømme kampar for førstedivisjonen kvinner.  Foto: Peder Skjelten

Lokal sport

– Dommarmiljøet på Sunnmøre er prega av behov for betre oppfølging av dommarane, seier Bent Andreassen til Sunnmørsposten.