Ordføraren om det historiske gullet: - Eg kan ikkje hugse noko sportsleg som er på dette nivået

Sebastian Foss Solevåg er den første nordmannen på over 20 år som har teke VM-gull i slalåm. Det kan vere den største prestasjonen i vintersport frå Sunnmøre, meiner ordføraren.

Største vinterprestasjon: Eva Vinje Aurdal kan ikkje hugse noko sportsleg vinterprestasjon frå Sunnmøre som er større enn Sebastian Foss Solevåg sitt VM-gull søndag.  Foto: Staale Wattø

Lokal sport

– Det er lenge sidan vi har hatt noko så stort som dette som har skjedd på lenge. Innanfor vintersport han eg knapt hugse noko som er på dette nivået frå Sunnmøre, seier ein engasjert Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund kommune.