Arve (57) har vore eldsjel i friidretten i 24 år. No får han fulltidsjobb i klubben sin

Friidrett har alltid vore ein del Arve Hatløy sitt liv. No kan han fokusere fullt på hobbyen sin i kvardagen.

JOBB: Arve Hatløy får jobbe med hobbyen sin dei neste to åra.  Foto: Marius Simensen

Lokal sport

For mange er Arve Hatløy synonymt Dimna. Trenaren har vore med på klubben si reise frå ein liten klubb til ein av dei største i landet. Dei har gått frå treningsfasilitetar i ein gymsal på eit grendehus til eit flott innandørsanlegg, der dei kan arrangere både NM og internasjonale stemner.