Nytt tilbod på Blindheim: – Har ikkje høyrt om noko slikt i området før

Sandvolleyball har blitt så populært at Blindheim IL har oppretta eiga sandvolley-gruppe. Trenaren håpar gruppa kan få fleire til å bruke dei mange sandvolleyballbanene i området.

Håpar på meir bruk av baner: Marek Sebastian Sokolowski er ein av to sandvolleytrenarar i Blindheim IL. Med ei eiga gruppe for sandvolleyball, håpar Sokoloswki fleire av banene i området blir brukt til spel.  Foto: Einar Juliebø

Lokal sport

Førre sommar starta Blindheim IL Volleyball sandvolleyballtreningar til spelarane sine. Det tilbodet har blitt utvida, då Blindheim IL etter nyttår oppretta ei eiga sandvolleygruppe.