Kretsen utset seriestart i breidda

Seniorfotballen skal ha minst fire veker med normal trening før seriestart. Situasjonen no gjer at serien ikkje kan starte som planlagt i midten av april.

Utset: Sunnmøre Fotballkrets vel å utsette seriestarten for seniorbreidda. Dagleg leiar Bjørn Oskar Haukeberg, seier det skal bli mogleg å gjennomføre ein bortimot normal sesong med sesongstart i mai eller juni.  Foto: Eirik Nesset Hjelvik

Lokal sport

I vinter vedtok styret i Sunnmøre Fotballkrets at før serien for senior breiddefotball kan starte, må laga ha minst fire veker med normal trening.
I midten av mars er det framleis ikkje tillate med kontaktfotball for seniorar, som gjer at kretsen utset seriestarten.