Slik blir avslutninga på handballsesongen: Kaos for Volda

Norges Håndballforbund har vedtatt å stoppe sesongen etter halvspelt serie.

OPPRYKK: Volda handball får kanskje sjansen til å rykkje opp.  Foto: Marius Simensen

Lokal sport

I fjor vart handballsesongen avslutta då Volda hadde ein kamp igjen og klubben låg på 2.-plass. Rælingen låg på 3.-plass med ein kamp mindre spelt og eit poeng bak. Handballforbundet avgjorde då at poengsnitt skulle avgjere serien, og at andreplassen, som opphavleg gav kvalifisering til eliteserien, skulle rykkje opp. Volda syntest avgjerda var urettferdig og anka, men fekk ikkje medhald.