Vebjørn Hoff om konkurransen i Rosenborg: – Eg har kome for å spele

Vebjørn Hoff måtte hive seg rundt og flytte nord til Trondheim då Rosenborg ringde. No har han mål om ein fast plass på laget som vil tilbake til toppen av norsk toppfotball.

Flytta på dagen: Vebjørn Hoff måtte flytte på dagen til Trondheim og Rosenborg. No blir målet å få fast plass på midtbanen, og vinne trofe med trønderklubben.  Foto: HÅVARD HAUGSETH JENSEN, ADRESSEAVISEN

Lokal sport

15. mars blei Vebjørn Hoff klar for Rosenborg. Dette skjedde etter nokre dagar med samtalar mellom Rosenborg og Odd, fotballklubben Vebjørn kom frå.